onsdag 17. desember 2008

Snart jul

Det som skulle bli opp til fleire innlegg i bloggen min i adventstida, har med dette blitt eitt. Det er onsdag kveld og akkurat ei veke til julafta. Ute regnar det, men det er håp for julekvelden likevel. Langtidsvarslinga viser snø og kaldt på måndag og tysdag, og opphaldsver og enda kaldare på julafta og 1. dag. Det skal bli godt med juleferie no, eg kjenner eg gleder meg meir og meir for kvar dag. Juleenglane mine står oppstilt rundt om på kjøken og stove, dei blir heime og passar huset medan vi reiser på ferie..


Eg har faktisk store planar om å lære litt meir om blogg-verksemda no i jula, skal jo heim til sols(tr)ikke og ein raud stol, så då må eg vel klare å plukke opp litt småtips. Eg får ha som mål å skrive eit innlegg til før jul, om ikkje anna for å ønskje alle..

måndag 10. november 2008

Ein blogg for meg

Det er litt skummelt, dette, å skrive det første innlegget i bloggen min. Kor ofte kjem eg til å skrive eit nytt innlegg, kva kjem eg til å skrive om, kven kjem til å lese innlegga mine.. Vi får sjå, eg skal i allefall prøve dette. Velkomen igjen ved eit seinare høve.