laurdag 21. mars 2009

Storebrødrene i mars

Gratulerer med dagen til Jostein og Per Anders, 19. og 20. mars!!







måndag 23. februar 2009

Om eg ikkje har hatt tid til...

..å skrive nye innlegg her på bloggen min, så har eg i alle fall laga korta som skulle i posten dei siste vekene. Gratulerer med dagen, alle!









onsdag 11. februar 2009

Kort 4 og 5

Denne gongen var det mamma og Ingunn som stod for tur. Mamma har dessutan bursdag denne veka, så det blir nok eit kort til om ikkje mange dagane.

søndag 8. februar 2009

Norske Melodi Grand Prix 2009

Eg såg Melodi Grand Prix i går kveld.

Eg er ingen Eurovision-ekspert, men.. Det er ingen tvil, Alexander Rybak kjem til å vinne den norske finala i år. Og tar eg ikkje heilt feil, så får han ei god plassering i den internasjonale finala også. Det er veldig lenge sidan eg har høyrt ei så fengjande låt, og den gjer meg så utruleg glad!




måndag 2. februar 2009

Kort 2 og 3

Her kjem dei to neste bursdagskorta i rekka. Gratulerer!



søndag 1. februar 2009

Turneringsmuffins

Ja, så prøvde eg meg. Eg visste på førehand at det ville bli eit tidkrevjande prosjekt, men det freista for mykje til at eg kunne la det vere.


Eg laga først sjokolademuffins, deilige og saftige 'Old Fashioned Chocolate Cupcakes' som eg fann inne på Cupcake Bakeshoop by Chockylit. Så fraus eg dei, slik at dei skulle vere ferske og gode på laurdag når eg hadde tenkt å servere dei. På laurdag laga eg smørekrem av smør, philadelphia og melis, og pynta muffinsa.
Dette er tømmer-ressursen. Mosegrønn gelefarge og saltstenger på toppen.


Murstein. Naturell smørekrem med oppskoren Rox lagt i mønster.

Sauer i marsipan på ei seng av grøn smørekrem.
Korn. Det blei sitrongul gelefarge utan noko oppå.

Malm. Fiolett smørekrem med litt perlesukker på toppen. Hadde bestilt kakeglitter, men det kom ikkje i posten i tide.

Sjøen vart blå, sjølvsagt. Kremen vart såpass fast at eg klarte å lage litt bølgemønster.
Her er dei ulike hamnene for ressursane.

Og til slutt, "brikkane" lagt ut slik eit brett skal liggje. Det einaste som manglar, er ein muffins for ørkenen. Men eg hadde faktisk ikkje fleire muffins igjen, så den vart blank.

Konkurranse

Eg er med og konkurrerer om eit gåvekort frå herlige Snella & PetronellaDuften av erteblomster sin blogg.
Eg vil gjerne vinne, ser at dei har mange artige knappar og øyredobbar i nettbutikken sin..