måndag 26. januar 2009

Settlersturnering

Til helga som kjem skal vi arrangere vår årlege VenneSettlersTurnering. Då har vi inntil 16 deltakarar fordelt på fire bord. Vi spelar to runder, vinnarane av dei fire borda etter første runde endar på 1'ar-bordet, toarane på 2'ar-bordet osb. Det er 5. året vi arrangerer denne turneringa, og vi synes det er veldig kjekt!

Kanskje eg skal prøve å lage slike settlers-småkaker?

fredag 23. januar 2009

Kort 1

Dette året skal eg bruke litt av fritida mi på å lage kort og album. Eg startar med å lage bursdagskort til alle mine næraste. Og då min svoger fylte år denne veka, var han førstemann ut.


onsdag 21. januar 2009

"Nytt" bad

Ja, så er vi endeleg ferdig med badet. Vi byrja på fredag med å skru ned alle skap og hyller, og la første strøk på veggar og tak. Tidlegare har vi hatt eit kremgult bad med mørkt panel i taket. Vi hadde lyst på litt fornying, og bestilte oss dusjkabinett (dusjballett i følgje kompisen vår på 2 år), for flisene byrjar å dra på åra. Den nye dusjen kom opp i går, og det siste strøket på listene i dag tidleg.
Eg var ikkje så flink til å ta bilete på førehand, men vil gjerne dele etter-bileta med dykk! Det var litt vanskeleg å få bra bilete på eit så lite bad, men de får vel ei viss oversikt.








Her er nye-dusjen vår. Faktisk med massasjedusj, toppdusj og ein radio som ikkje fungerer heilt som den skal.



Ny såpekopp med grøne blomar. Fin, ikkje sant?




Denne lampa er berre kjempefin, ikkje var den så dyr heller.